Sjonaleist strikkepakke

Strikkepakke sjonaleistar

  I museumsbutikken sel me strikkepakkar til sjonaleistar. Pakken inneheld alt ein treng for å strikka desse vakre bunadsokkane Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Dei vart nytta både av kvinner, menn og born. Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tveband, medan resten av sokken er kvit. I museumsbutikken har strikkepakkar med alt ein treng for å strikka sjonaleistar. Pakken inneheld 100g norsk lamull til sokken, ca. 100g fint, 5-tråds kamgarn til mønsterborden i 7 farger, kvit lintråd til bruk i mønsterbord, raudt ullstoff til kanting, 4 par messinghekter, et sett strømpepinner i stål – 1.25mm og et sett strømpepinner i aluminium i 2.0mm. I tillegg får du ein handlaga pinnehaldar i tre. Alt er samla i eit fint, svart bomullsnett med påskrifta #sjonaleistar i raudt. I tillegg får du sjølvsagt eit mønsterhefte. Heftet inneheld oppskrift på 6 ulike mønsterborder og 3 hæltypar, tips til tilpassing av sokken, litt historie og mange vakre foto. Mønsterdelen av sokken er laga i tvebandstrikk. Her finn du link til ein liten film som synar korleis ein legg opp til tvebandstrikk, eit opplegg som òg passar fint til anna strikking: https://vimeo.com/283390781 Her er ein film der du kan sjå korleis ein kan strikka tveband med fleire mønstertrådar: https://vimeo.com/283408535 Pris pr pakke 795,- Om du ynskjer pakken tilsendt kan du fylle ut kontaktskjemaet under, eller kontakte oss på telefon 47 47 98 84 eller epost Du kan betala med faktura og Vipps. Frakt- og forsendingutgiftar tilkjem.

Bestill din strikkepakke

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
Contact
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no
Newsletter
Subscribe to our newsletter featuring news about our museums, exhibitions, activities and more
Opening hours
Winter
Jan 2-April 30 and Sept 2–Dec 20:
Mon-Friday 9 AM–3 PM

Summer
May 2–September 1:
10 AM–5 PM all days
X