– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Føredrag: James Turrell - ekstraordinære idear realisert

tors31aug19:00Føredrag: James Turrell - ekstraordinære idear realisertKunstbar19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Bli med på Kunstbar – torsdag 31. august kl 19!
Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredraget «James Turrell – ekstraordinære idear realisert».
Deretter vert det visning i lysverket av same kunstnar; vår eigen Hardanger Skyspace. Skumringsvisninga startar 20.45.

Den amerikanske kunstnaren James Turrell (1943-) har sidan 1960-talet arbeidd med lys som materiale. Turrell utforskar mogelegheitene lyset gir gjennom atmosfæriske og spektakulære verk som gir ei fornemming av volum og masse. I føredraget James Turrell: Ekstraordinære idear – realisert vil kunsthistorikar og musikkvitar Lill K. Stensrud sjå nærare på Turrell sitt kunstnarskap og kva som ligg bak dei usedvanlege lysverka hans. Stensrud vil mellom anna trekke fram Turrells Skyspace-serie, som i dag vert rekna som signaturverket hans. Kabuso sin Hardanger Skyspace vil bli trekt fram som verdas nordlegaste, eit av nærare 90 Skyspace Turrell sidan 1970-talet har laga.

Lill K. Stensrud er utdanna kunsthistorikar og musikvitar med hhv master i kunsthistorie og hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo, begge med ei spesialisering innanfor feltet immateriell kunst. Stensrud sitt yrkesliv er tett knytt opp mot den tverrfaglege bakgrunnen hennar med arbeidserfaring frå kunstinstitusjonar som Ekebergparken, Nasjonalmuseet, Henie Onstad Kunstsenter, Fotogalleriet, Galleri F15 og Momentum-biennalen, i tillegg til musikkinstitusjonar som Ultimafestivalen og Ny Musikk. Stensrud var i 2021 ein av deltakarane til Koro sitt kuratorprogram Kuratorpraksis + det offentlige rom. Ho har òg bakgrunn som vitskapleg assistent, samt redaktør, kritikar og frilans kurator. Stensrud arbeider i dag for Oslo kommune sin kunstsamling.

Inngang: 100,- (kun føredrag) /200,- (med visning)

 

Billettar

>>> KJØP