– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Heidi Lambach

sun27jun13:00Heidi LambachKunstkonsert13:00(GMT+00:00)

Om arr.

Sjå maleri bli skapt strøk for strøk, akkompagnert av tonar frå dei tre musikarane Heidi Lambach, Roger Stangervåg og Oddgeir Røssland.
Kunstnar: Marijke Strømmen

Bileta inspirerar musikken, og musikken inspirerar bileta! Kunstkonserten er ei blanding av improvisasjonar og framføringar av ferdigskrivne låtar. Desse vert stort sett framførte på norsk og stemninga i musikken er intim, varm og nær. Tema som går igjen i tekstane er naturen, mennesket, ekte opplevingar og kjensler. Sjangeren kan skildrast som viser og visepop inspirert av folkemusikk og jazz.

Musikarane og kunstnaren vil og prata litt om kunst- og skapingsprosessen:
Korleis dei jobbar fram ei låt, ein tekst, eit bilete eller eit musikkstykke.
Kva som inspirerar dei og kor dei finn glede og energi til å skapa.

Passar alle aldersgrupper

Om musikarane:
Dei tre musikarane starta sitt musikalske samarbeid for to år sidan då dei møttest på ein visefestival.
Heidi Lambach er fulltidsmusikar og artist frå Bergen, og gjev ut soloplata Hjerter Som Vil til hausten. Ho gledar seg til å besøka Kabuso igjen på lanseringsturné i oktober.
Roger Stangervåg er busett på Bømlo og syng og skriv låtar. Han vert omtala som ein naturens mann og låtane hans peikar ofte i retning av alt det vakre naturen har å by på.
Oddgeir Røssland er ein eminent gitarist busett i Rosendal. Med sin rolege og blide tilstedeværelse er han ein draum å lytta til.
Dei tre musikarane har etablert seg som ein jordnær trio med musikalitet, tilstedeværelse og improvisasjon i fokus. Konseptet Kunst og musikk minutt for minutt er nyutvikla og hadde premiere i Skånevik i mai.

Gratis arrangement

Velkomen til ei varm, nær og inspirerande kulturoppleving i foajéen i Kabuso!