– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Litteraturkveld med Vigdis Hjorth & co

tors01sep19:00Litteraturkveld med Vigdis Hjorth & coBokbad og konsertførestilling19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Litteraturkvelden i Kabuso torsdag 1. september har Bertolt Brecht som tema – og blir innhaldsrik med både bokbad og konsertførestilling med m.a. forfattar Vigdis Hjorth.

Kl 19: Bokbad 
Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende bokbadar Vigdis Hjorth

Kl 20: Konsertførestillinga Bertolt Brecht – en kynisk menneskevenn

Ved ensemblet Tilbudogetterspørsel:
Vigdis Hjorth:
Brecht-sitat og poetisk prosa om Bertolt Brecht, hans liv og virke
Jørn Simen Øverli:
Gjendikting, song, gitar
Ruth Wilhelming Meyer:
Song, multivokal
Espen Leite:
Akkordeon, kapellmeister

Kva er det verste? Å eiga ein bank eller rana ein bank?
Vil du ha svar, så oppsøk denne konserten kor Vigdis Hjorth vil prøva å overbevisa deg om at verda bør omorganiserast, Jørn Simen Øverli spelar gitar og syng og har gjendikta dei fleste tekstane du vil høyra, Ruth Wilhelmine Meyer syng multivokal og Espen Leite spelar trekkspel (Brecht sitt føretrukne instrument).

Tilbudogetterspørsel tek for seg evig aktuelle spørsmål i Brecht (1898-1956) si tapning på ein poetisk og spenstig måte.
Alt vert vevd saman til ei konsertførestilling om Brecht: Han som ville revolusjonera teateret og verda, og som greide det første om ikkje det andre, men som uansett har vore og er ein inspirator for menneske som vil bruka kunsten til å kritisera makta – frå Jens Bjørneboe til Elfriede Jelinek. Og som har hatt innflyting på så ulike diktarar som Gunnar Ekelöf, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas, Georg Johannessen og Jon Fosse, samt filmskaparen Ingmar Bergmann.

Konsertførestillinga hadde premiere på Olavsfest 2021 og er allereie framført ei rekkje stadar i landet – og snart kan du altså nyoppdaga Brecht i Kabuso!

Billettar

>>> Kjøp