Vesterveg
tors13feb19:30VestervegKonsert
Om arr.
Vesterveg – eit møte mellom norsk og britisk folkemusikk på Hardanger folkemuseum. Konsert torsdag 13.februar 2025. kl.19.30 Ingrid Sørheim – durspel Lisa Haugeland – hardingfele Bob Downham – sekkepipe «Vesterveg tar med lyttaren
Om arr.
Vesterveg – eit møte mellom norsk og britisk folkemusikk på Hardanger folkemuseum.
Konsert torsdag 13.februar 2025. kl.19.30
Ingrid Sørheim – durspel
Lisa Haugeland – hardingfele
Bob Downham – sekkepipe
«Vesterveg tar med lyttaren på ei musikalsk reise vestover: ved å miksa moderne og tradisjonelle slåttar frå Noreg og England skaper Vesterveg ein spanande kombinasjon av lyrisk og kraftfull musikk. Alt bygd på ein djup respekt for deira eigne tradisjonar» (Catriona Macdonald, String Sisters)
Studentutvekslinga mellom Noreg og Newcastle-Upon-Tyne bar frukter: Vesterveg blømer til musikalsk samarbeid over Nordsjøen.
Musikken deira blandar saumlaust originale arrangement med eldgamle tradisjonelle slåttar og moderne komposisjonar. Resultatet blir eit unikt og mangfaldig lydbilete ulikt alt anna.
Gjennom å henta repertoar og musikalsk arv frå heile breidda av Skandinavia og dei britiske øyer, eksperimenterer Vesterveg med deira felles musikalske historie og miksar det beste frå musikarane sine tradisjonar.
Når Ingrid Sørheim (NO) sitt kraftfulle durspel møter Lisa Haugeland (NO) sitt hypnotiske felespel og smeltar saman med Bob Downham (UK) sine lyriske fløyter og sekkepipe, oppstår ein dynamisk miks som kjenner seg heime i folkemusikken, men som har ei frisk og moderne innpakning.
Om musikarane i Vesterveg
Ingrid Sørheim (f. 1996) frå Norheimsund i Hardanger er frilans folkemusikar på durspel og har ein bachelor i utøvande tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet. Ho var på utveksling i Newcastle, England i 2018/19, og der forelska ho seg i den britiske folkemusikken. Ingrid Sørheim er kjent for å fengsla publikum med si sterke formidling og varme utstråling. Når ho ikkje blandar norsk og britisk folkemusikk med Vesterveg, fordjupar ho seg i heimtradisjonen frå Hardanger og skriv låtar med vise-folkbandet Veijr.
Lisa Haugeland (f. 1993) frå Flekkefjord er musikar som bur i Kviteseid. Ho har utdanning innan folkemusikk ved Universitetet i Sør-Øst Norge avd. Rauland. Lisa har fordjupa seg i tradisjons-musikken frå heimtraktene i Vest-Agder, men har også eit hjarte for den britiske musikken.
Ho er mest aktuell med trioen Vesterveg og i duoen Gautefald og Haugeland.
Bob Downhan (f. 1999) speler fløyte og irsk sekkepipe. Han er frå Ledston Luck, vest i Yorkshire. Bob har ein bachelorgrad i Folk- og tradisjonsmusikk frå Universitetet i Newcastle, og jobbar for tida med ein mastergrad i komposisjon. Han har stor interesse for den norske folkemusikken og har vore på utveksling som student ved Universitetet i Sør-Øst Norge, Rauland.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis