Strengjarhaugen spelemannslag
ons24sep18:30Strengjarhaugen spelemannslagDansekonsert18:30(GMT+00:00)

Om arr.
Dansekonsert med Strengjarhaugen spelemannslag NB! NYTT TIDSPUNKT 18.30! Velkomen
Om arr.
Dansekonsert med Strengjarhaugen spelemannslag
NB! NYTT TIDSPUNKT 18.30! Velkomen til konsert og dans med Strengjarhaugen spelemannslag på Hardanger folkemuseum, onsdag 24.september kl.18.30. Her er det studentar ved Ole Bull Akademiet på Voss som verkeleg brenn for å formidla folkemusikk og folkedans, så variert som det går an. Spelemannslaget består av song, fele, trekkspel, toradar og naturleg nok, bass og gitar. Laget vert leia av Vegar Vårdal. Med finalespeling frå Landsfestivalen i Gamaldans bak seg så kan me trygt seia at dette er god dansemusikk, og me håpar de tek med dykk danseskoa. I tillegg vert det nummer kor du berre kan lena deg godt tilbake på stolen og oppleva korleis dagens talent tolkar og framfører kulturarven vår. Hjarteleg velkomen til konsert.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
(Onsdag) 18:30(GMT+00:00)
Billettar
BilettsalHending på Facebook
Sjekk ut!Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum