– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2021

tors01jul12:30lau31(jul 31)15:00Solokonsert med Jonas LaupsaMinikonsertar i juli12:30 - 15:00 (31)

Om arr.

I heile juli får du høve til å oppleva solokonserter med den unge, dyktige felespelaren Jonas Laupsa på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet og finn stad på loftet ved kaféen.

Det vert konsertar:

Onsdag: 12:30, 13:30 og 14:30

Torsdag: 12:30, 13:30og 14:30

Fredagar: 14:45

Laurdagar: 14:45

Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels.  Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.

Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela på Hardanger folkemuseum i sommar!

NB! Jonas spelar og i Agatunet fredagar og laudagar i juli klokka 12:15 og 13:00, og på Skredhaugen kvar sundag i juli – klokka 13:15, 14;15 og 15:15.

Tid

1 (Torsdag) 12:30 - 31 (Laurdag) 15:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

22. mai-31. august: Tys-sundag kl 11-16
1. september-17. desember: Tys-fre kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

May 22-August 31: Tues-Sunday 11 AM-4 PM
September 1-December 17: Tues-Friday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X