– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2019

lau06jul(jul 6)14:45lau27(jul 27)15:15Solokonsert med Jonas LaupsaMinikonsertar i juli14:45 - 15:15 (27)

Om arr.

I heile juli får du høve til å oppleva solokonserter med den unge, dyktige felespelaren Jonas Laupsa på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i billetten og finn stad på loftet ved kaféen.

Det vert konsertar:

Mandagar: 12:00, 13:00 og 14:30

Tysdagar: 12:00, 13:00 og 14:30

Fredagar: 14:45

Laurdagar: 14:45

Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels.  Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.

Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela på Hardanger folkemuseum i sommar!

NB! Jonas spelar og i Agatunet fredagar og laudagar i juli klokka 12:15 og 13:15, og på Skredhaugen kvar sundag i juli – klokka 13:15, 14;15 og 15:15.

Tid

6 (Laurdag) 14:45 - 27 (Laurdag) 15:15

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

X