Skautedag
mån04apr17:30SkautedagKom og prøv
Om arr.
Vil du læra korleis ein sett på seg skaut til hardangerbunaden? Eller få sjekka om skautet du har liggande framleis er brukanes? Alle som er interessert i bunadsskautet er hjarteleg
Om arr.
Vil du læra korleis ein sett på seg skaut til hardangerbunaden? Eller få sjekka om skautet du har liggande framleis er brukanes? Alle som er interessert i bunadsskautet er hjarteleg velkomne på Hardanger folkemuseum måndag 4. april til ein uhøgtidleg skautedag der me testar skaut, øver på skauting, og fortel frå arbeidet med å redda skautfellingsteknikken.
Skautet kan vera litt komplisert å få fint på, men med litt øving kan ein få det til. Eller ein kan hjelpa kvarandre, då det ofte er lettare å skauta andre enn seg sjølv. Me lærer bort dei gode tipsa, frå dei som kan det.
Mange har kanskje skaut liggande heime, og er usikre på om dei framleis kan nyttast. Ta dei med på museet, og så testar me dei! Har du ein valk som ikkje kjennast god ut? Ta den med, og så finn me ut korleis den kan tilpassast. Eg god valk skal ikkje vera vond å ha på seg.
Det er Folgefonn husflidslag, Bu og Ringøy bygdekvinnelag og Hardanger folkemuseum som inviterer til skautedag på museet. Me jobbar for å vidareføra kunnskapen om korleis ein feller/lagar bunadsskautet, slik at det framleis skal vera råd å få tak i nye bunadsskaut, eller få felt opp att gamle skaut som har gulna eller fått seg ein knekk. Me håpar og at fleire har lyst å nytta skaut til bunaden sin, og vil bidra til at fleire anten kan skauta seg sjølv eller hjelpa andre med skautinga.
Gratis inngang!
Foto: Laila Duran
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis