– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mai 2022

sun08mai16:30Sigrid MoldestadKonsert16:30

Om arr.

Sigrid Moldestad kjem til Hardanger folkemuseum sundag 8. mai kl 16.30. Ho er kjend for sine sterke live-konsertar, og me gler oss veldig til å ha ho attende på scena her på museet. Hjarteleg velkomne alle til konsert i Storsalen denne dagen.

Sigrid Moldestad har med seg låtar frå albumet Tonen i meg, og her har ho funne fram til sjølve grunntonen i seg. Den tonen er både skjør og kraftfull, hudlaus og trøystande, melankolsk og oppløftande. Her er kontrastane i livet, utkrystallisert i små fortellingar som i grunn handlar om oss alle. Fortid og notid går hand i hand i mange av songane. Små glimt av ei svunnen tid som set vår urolige tid i relieff. Heile tida med Moldestad si stemme i midten. Som ein varm klem, i den kalde tida. Rundt seg har ho nokre av sine leikande, lyttande og utforskande musikarar.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Tid

(Sundag) 16:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!
X