RIT Reidun Horvei, Inger-Kristine Riber og Katherine Hanson
sun19sep16:30RIT Reidun Horvei, Inger-Kristine Riber og Katherine HansonKonsert
Om arr.
Konsert på Hardanger folkemuseum, sundag 19. september kl 16.30 RIT Olav H. Hauge sitt draumelandskap Framsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt
Om arr.
Konsert på Hardanger folkemuseum, sundag 19. september kl 16.30
RIT Olav H. Hauge sitt draumelandskap
Framsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva». Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør har samarbeida tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring.
RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Verket teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.
Medverkande:
Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk.
Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk.
Katherine Hanson tok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga “Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature). Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Foto: Oddleiv Apneseth
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis