På rek langs kysten – frå Hardanger til Nordkapp i seglbåt
tors12nov19:0020:00På rek langs kysten – frå Hardanger til Nordkapp i seglbåt
Om arr.
Morten Hesthammer er fartøyvernar ved HFS og har denne sommaren segla frå Hardanger til Nordkapp om bord på si seglskøyte «Aur». På dette torsdagsføredraget kan du mellom anna få høyre
Om arr.
Morten Hesthammer er fartøyvernar ved HFS og har denne sommaren segla frå Hardanger til Nordkapp om bord på si seglskøyte «Aur». På dette torsdagsføredraget kan du mellom anna få høyre om denne turen, opplevingar undervegs, og kva som gjer at ein kan få ein båt til å segla.
Velkomen!
OBS: Inngang (kr 100,-) Må kjøpast innan føredraget! Berre 20 billettar til sals på TicketCo grunna smitteverntiltak.
Lenke: https://fartoyvern.ticketco.events/…/morten_hesthammer…
Open kafé og museumsbutikk.
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis