– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingsopning

lau05sep14:00UtstillingsopningVestlandsutstillingen 202014:00(GMT+00:00)

Om arr.

Velkomen til utstillingsopning av tradisjonsrike Vestlandsutstillingen i Kabuso, laurdag 5. september kl 14!
Opning ved ordførar i Kvam, Torgeir Næss.

Forfriskingar og open kafé

Rutebuss frå Bergen, nr 925: Avreise kl. 11.55 (ankomst 13.40) perrong O.
Retur frå Kabuso kl. 15.40 og 17.20.

 

Om utstillinga:

I perioden 5. september til 4. oktober kan du oppleva verk av eit utval kunstnarar med tilknyting til Vestlandet – då kjem nemleg Vestlandsutstillingen 2020 til Kabuso.

Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk’ norske i møte med det ‘typisk’ internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.

Deltakande kunstnarar – klikk på namn for meir info:

Ananda Serné
Catalina Aguilera
Eli Maria Lundgaard
Hans-Marius Pilskog Giske
Inga S. Søreide
Jan Kåre Ruud
Matias Kiil
Marit Silsand
Sofia Heinonen
Sofia Eliasson
Steinar Haga Kristensen
Thor Tao
Tore Winsents
Urd Pedersen
Vilde Salhus Røed

 

Kurator: Elise By Olsen

 

>>> Sjå nettstaden til Vestlandsutstillingen

Hending på Facebook

>>> Sjekk ut