– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ola Håstabø 200 år

lau15aug(aug 15)12:00sun16(aug 16)01:00Ola Håstabø 200 årkappleik og dans på Håstabø

Om arr.

Bli med på kappleik på Håstabø

I år hadde Ola Håstabø vorte 200 år! Det vil Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Hardanger folkemusikksamling og Vener av Håstabø feire ved fleire anledningar utover hausten. Fyrst ut er ein hardingfelekappleik på sjølvaste Håstabø like ved Kvanndal laurdag 15. august frå kl 12 – 17. Programmet held fram med dans utover kvelden.

Program:

12.00: Superkappleik

13.00: Kappleik

17.00: Pust i bakken/rigging til dans

18.00: Dans

19.30: Premieutdeling

20.00: Dans

Ein kan melde seg på i:

– Lagspel, junior og senior

– Hardingfele klasse A, B, C og D

– Superkappleik (for dei under 12 år)

Det vert sjølvsagt premie til beste Håstabøslått!

Påmelding til: pamelding@hardingfolk.no Påmelding innan 10. august. Gratis påmelding. For spørsmål, ring Svein på: 45235870

Det vert sal av mat og drikke, kaffi og kaker. Hjarteleg velkomne!

Ola Håstabø

Ola Håstabø (1826-1899) var ein norsk spelemann frå Hardanger. Han kom frå Løfloten under Håstabba, som garden også vert kalla. Løfloten ligg like ved Kvanndal. Etter Håstabø finst det meir enn 30 slåttar som han laga eller formidla vidare i si eiga utforming. Han har forma ut slåtten Spelar-Guro, som han hadde etter Nils Rekve, og bruraslåtten etter Isak Rokne. Spelar-Guro vart kalla opp etter kona, som heitte Guro. Slåtten er og kjend under namnet Fjøllmanngjenta. Håstabø budde i sine eldre dagar på Hamre. Det er kjent at han spelte på ei isak-fele frå 1751.

Håstabø hadde lært mykje spel av Nils Rekve, og var ein av dei faste læresveinane hans. Elles var han i lag med Per Bulko og Nils Reiseter. Han tok og imot og spela i lag med spelemenn frå Telemark. Ola Mosafinn var på Løfloten i 1850 og fekk ei rad med slåttar av Ola. Han hadde ei rekkje andre læresveinar, deriblandt Nils Tjoflot, som han rekna som ein av dei beste, og Halldor Meland. Ein annan var Per Kjepso (1873-1925).

Tid

15. aug. 2026 12:00 - 16. aug. 2026 01:00(GMT+00:00)

Få veibeskrivelse

Hending på Facebook