september 2019

sun29sep17:00"...og i spelet kunne sorga letna og bli til flog..."Konsert og opplesning ved Knut Hamre og Ola E. Bø

Om arrangementet

I samband med Jon Fosse sitt 60-årsjubiluem denne hausten, har felespelar Knut Hamre og dramaturg Ola E. Bø sett saman eit program med hardingfeleslåttar og opplesing. Musikken er henta frå den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og tekstene er henta frå Triologien til Fosse, som består av Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Her møter ein mange skildringar av det å spela og å vera spelemann, og Fosse si, særmerkte stil står godt til dei musikalske uttrykka som ligg i hardingfeleslåttane.

Knut Hamre er mellom våre fremste og mest meritterte utøvarar på hardingfele, og den store nestoren når det kjem til tradisjonsmusikken frå Hardanger. Ola E. Bø er tidlegare dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teateret. Han har lagd ei rekkje verk til rette for teaterscena, og omsett teaterstykke og musikalar.

«…og i spelet kunne sorga letna og bli til flog…» er nyprodusert og vert framførd hausten 2019 i Oslo, Bergen og på Utne.

Billettar: 250,-

Kaféen er ope i forkant frå klokka 16:00.

 

(foto: Elisabeth Emmerhoff)

Tid

(Sundag) 17:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Opningstider

Grunna koronasituasjonen har museet reduserte opningstider i sommar:

  • 23. juni-21. august: Tys-sundag kl 11-16
  • 25. august-18. desember tys-fredag kl 9-15

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Opening hours

June 23-August 21: Tues-Sunday 11 AM-4 PM
August 25-December 18: Tues-Sunday 9 AM-3 PM

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X