Nysteikte krotakaker
tys07jul11:3014:30Nysteikte krotakakerBaking i eldhuset
Om arr.
Kvar tysdag frå 7. juli til 11. august bakar me krotakaker i eldhuset i museumstunet, frå kl 11.30 – 14.30. Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen
Om arr.
Kvar tysdag frå 7. juli til 11. august bakar me krotakaker i eldhuset i museumstunet, frå kl 11.30 – 14.30.
Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Rutemønsteret på kakene kjem frå eit spesielt kjevle. Kakene er steik over ope eld. Ein kan nyta dei turre, som flatbrød, eller bløyta dei og ha på smør, sukker, prim eller saltmat. Kom og sjå dei røynde bakstekonene i aksjon! Du smaka på kakene, og kjøpa kaker direkte i eldhuset, eller i museumsbutikken.

På grunn av stor etterspurnad etter denne eksklusive vara har me avgrensa salet til maks 5 kaker per person ved kjøp i tunet, og maks 10 kaker pr pers ved førehandstinging. Tinging av krotakaker må gjerast innan sundagen før, på tlf: 47 47 98 84 eller e-post: post@hvm.museum.no
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis