– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Marit Eikemo og Bjørn Tomren

fre31jan20:00Marit Eikemo og Bjørn TomrenLitterært og musikalsk møte20:00(GMT+00:00)

Om arr.

Opplev forfattar Marit Eikemo og songar Bjørn Tomren saman – fredag 31. januar kl 20!
Her får du bli med på eit litterært og musikalsk møte mellom bokaktuelle Eikemo og den unike vokalisten Tomren.

Frå Hardanger (2019):
I eit skur på Kvanndal kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.
Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og er no dagleg leiar for Cornerteatret i Bergen.Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar, den seinaste er Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og er festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018.

Bjørn Tomren (f. 1981) er ein jodlar, strupesangar, visesangar, komikar og komponist frå Tomrefjorden i Møre og Romsdal.
Tomren vart først kjend frå duoen Polkabjørn og Kleine Heine, men er involvert i ei rekkje prosjekt – mellom anna Kniven på strupen saman med Ole Paus.

Sagt om boka: 

«Eikemo har et presist og godt språk og mange fine formuleringer. Det er lett å lese henne. At hun er en skarp observatør, har hun vist i alle sine bøker. Hun har også god evne om å få oss til å tenke videre og til å se det som ligger mellom linjene, (…) få oss til å løfte bliket og ta inn både omgivelser og samtiden»
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad
«Alt før ho vart lansert, var fyrsteopplaget av Marit Eikemo si novellesamling Hardanger utselt»
Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland
Huus bokhandel vil vera til stades for sal av boka Hardanger

Hending på Facebook

>>> Meld di interesse her!