– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Lajla Storli og Anita Bråvoll

lau13jan15:30Lajla Storli og Anita BråvollKonsert15:30(GMT+00:00)

Anita Bråvoll med toradar, Lajla Storli med hardingfele.

Om arr.

Konsert

I samband med kurset Hardingfolk vert det konsert med Lajla Renate Buer Storli (hardingfele, song) og Anita Solheim Bråvoll (toradar) på Hardanger folkemuseum, laurdag 13. januar kl 15.30. Konserten er for alle interesserte, anten ein har vore med på kurset eller ikkje.

Lajla Renate Buer Storli

Hardingfelespelar og songar frå Ullensvang. Ho har gått i lære hjå Knut Hamre i spel sidan ho byrja spele fele i 10-årsalderen, medan folkesongrepertoaret er henta frå fleire kjelder frå Voss og Hardanger. Lajla er utadanna folkemusikar frå Universitetet i Sør-Øst Norge avd Rauland, og ho er ein mykje nytta pedagog i ulike samanhengar i folkemusikkmiljøet. Ho arbeider som frilansmusikar i tillegg til at ho underviser fast ved Ole Bull Akademiet. Lajla har gitt ut og medverka på fleire plateutgjevingar, mellom anna soloplata Møya som drøymde (2013) – ei samling av ukjende mellomalderballadar og slåttar frå Hardanger og Voss. I 2018 laga ho bestillingsverket Kvöldvaka saman med verdensmusikaren Oddrun Lilja Johnsdottir, eit verk med inspirasjon frå Hardanger og Island. Saman med John Ole Morken har Lajla turnert mykje for Kulturtanken og spelt konsertar rundt om i heile Noreg. Songaren Kim Rysstad frå Setesdal har ho òg samarbeid mykje med, der dei har opptrådd ved ulike festivalar i inn- og utland. Lajla har moteke fleire stipend, mellom anna kulturstipend av Buskerud fylkeskommune og Statens Kunstnerstipend som folkekunstnar for 2022.

Anita Solheim Bråvoll

Toradarspelar som er busett i Kinsarvik. Anita er oppvaksen i Andebu i Vestfold. Ho har inga formell utdanning innan folkemusikk, men har lært alt på den tradisjonelle måten frå meister til elev. Ho har vore lærar på durspel i Ullensvang kulturskule i nesten 20 år. Solheim Bråvoll starta å spela toradar då ho var ni år. I 2022 gav ho ut soloalbumet «Dansær himmætte» med folkemusikk frå Vestfold, til strålande kritikkar.

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!