KURS: Tradisjonell overflatebehandling av interiør
Om arr.
Kurset gjer innføring i laserande maleteknikkar med bruk av tørrpigment til overflatebehandling av interiør. Ein går praktisk til verks og vil lære skinnrulling, enkel «ådring» og marmorering. Ein vil også
Om arr.
Kurset gjer innføring i laserande maleteknikkar med bruk av tørrpigment til overflatebehandling av interiør. Ein går praktisk til verks og vil lære skinnrulling, enkel «ådring» og marmorering. Ein vil også lære om grunning av treverk, reingjering og stell av verktøy. Ta gjerne med eigne, enkle mindre objekt som skrin, krakk, liten kommode o.l. Desse må vera ferdig grunna med minst to strøk som er pussa og slette i overflata. Oppskrift på dette vert sendt deltakarane på førehand.
INSTRUKTØR: Johild Mæland, biletkunstnar og dekormalar med lang erfaring
PRIS: 4500,- Inkl. lunsj, kaffi og kaffimat begge dagar og middag laurdag
TID: 29.-30. oktober, kl. 10.00-16.00 begge dagar
MÅLGRUPPE: Alle
TA MED:
• Malarfiller (t.d. reine og utvaska gamle bomullslaken)
• Palett (Paletten må vera kvit for å gi nøytral bakgrunn for fargen som skal blandast. Palettblokk er fint, men også lokk frå ein isboks, plastbelagt papptalerken fungerer ok)
• Palettkniv (Ein gamal bordkniv med litt mjukt stål i knivbladet er også ok)
• To små glas/plastboksar med lokk til olje og terpentin (t.d. tomme rekeboksar, rømmebeger er ok)
• Notatbok, skrivesaker og kamera (mobilkamera er ok)
• Arbeidsklede som tålar malingssøl
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: solvei.ljones@hvm.museum.no, innan 14. okt. 2022
Tid
29 (Laurdag) 10:00 - 30 (Sundag) 16:00(GMT+00:00)
Hending på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum