AVLYST! KURS: Reipslaging
fre06mai(mai 6)17:00sun08(mai 8)14:00AVLYST! KURS: Reipslaging
Om arr.
Kva er eigentleg eit tau? På dette kurset skal du få ei innføring i reipslaging frå fiber til trosse. Me riggar opp 3 ulike reiparbaner og roterer mellom dei. Frå
Om arr.
Kva er eigentleg eit tau? På dette kurset skal du få ei innføring i reipslaging frå fiber til trosse. Me riggar opp 3 ulike reiparbaner og roterer mellom dei. Frå handspinning av fiber til garn, til ferdig slått tau. Me kjem innom ulike materialar som har vore vanleg på reiparbaner, faget si historie, og kva kvalitet i tau inneber. Du vil sjå på tau med heilt nye auge etter desse dagane!
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 4000,- Inkl. middag fredag, laurdag og sundag, og lunsj laurdag og sundag
TID: 6.-8. mai, fredag kl. 17.00-20.00, laurdag kl. 09.00-18.00 og sundag kl. 09.00-14.00
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Kniv, eller lån hos oss
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 15. april 2022
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis