AVLYST! KURS: Maritimt verktøy-seminar
ons18nov(nov 18)09:00fre20(nov 20)14:00AVLYST! KURS: Maritimt verktøy-seminar
Om arr.
På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøy-seminar med tema «sliping av verktøy» frå 18-20. november 2020. Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets maritime verktøyseminar vil deltakarane ha fokus
Om arr.
På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøy-seminar med tema «sliping av verktøy» frå 18-20. november 2020.
Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets maritime verktøyseminar vil deltakarane ha fokus på sliping av ulike handverktøy. Deltakarane vil få grundig instruksjon i sliping av øks, sag, kniv, navar, høveltann og stemjarn.
Maritimt verktøy-seminar er eit årleg arrangement, med skiftande tema. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider
med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret har blitt ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.
Seminaret er støttet av Riksantikvaren.
INSTRUKTØRAR: : Trond Oalann, Johannes Fosse, Peter Helland Hansen, Kasper Krogh Hansen, Ivar Hoflandsdal
PRIS: 3000,- Inkl. materialar og mat
MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar
BETALINGS- & PÅMELDINGSFRIST: 2. november 2020
SPØRSMÅL & PÅMELDING
til Line Kirstine Larsen, formidlingsleiar
E-post: line.larsen@hvm.museum.no
Tlf. +47 479 74 363
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis