feb. 2021

lau20feb(feb 20)09:30sun21(feb 21)17:00Kurs i holma- og hjartebringklutSy din eigen bringklut09:30 - 17:00 (21)

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett.

Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Museet og husflidlaget sett opp to helgekurs i holmabringklut og hjartebringklut våren 2021, med Agnete Sivertsen som kurslærar.  Det eine kurset vert laurdag 13. og sundag 14. februar. Det andre kurset vert laurdag 20. og sundag 21. februar. Begge kursa vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.

Påmelding til /474 79 884 innan 27. januar 2021

For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, agnete.sivertsen@hvm.museum.no /95934698

Pris: Kr 3000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

20 (Laurdag) 09:30 - 21 (Sundag) 17:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

25. august-18. desember:
Tys-fredag kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

August 25-December 18:
Tues-Sunday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X