– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

nov. 2021

lau20nov(nov 20)09:30sun21(nov 21)17:00Kurs i holma- og hjartebringklutSy din eigen bringklut09:30 - 17:00 (21)

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett.

Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Museet og husflidlaget sett opp fleire helgekurs i holmabringklut og hjartebringklut hausten 2021, med Agnete Sivertsen som kurslærar.  Dette  kurset vert laurdag 20. og sundag 21. november. Kurset vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.

Påmelding til /474 79 884 innan 27. oktober 2021

For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, agnete.sivertsen@hvm.museum.no /95934698

Pris: Kr 3000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

20 (Laurdag) 09:30 - 21 (Sundag) 17:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

22. mai-31. august: Tys-sundag kl 11-16
1. september-17. desember: Tys-fre kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

May 22-August 31: Tues-Sunday 11 AM-4 PM
September 1-December 17: Tues-Friday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X