– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs i holma- og hjartebringklut

lau15okt(okt 15)09:30sun16(okt 16)17:00Kurs i holma- og hjartebringklutSy din eigen bringklut09:30 - 17:00 (16)(GMT+00:00)

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmabringklut eller hjartebringklut. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett eller med stor åttebladrose. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.

Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.

Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.

Museet og husflidlaget sett opp to bringklut-helgekurs hausten 2022, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 8. og sundag 9. oktober. Det andre kurset vert laurdag 15. og sundag 16. oktober. Begge kursa vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.

 

Påmelding til /474 79 884 innan 3. oktober 2022

For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, agnete.sivertsen@hvm.museum.no /95934698

Pris: Kr 3200,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3700,- for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

15 (Laurdag) 09:30 - 16 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)