– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs i hjarte- og holmabringklut

lau13nov(nov 13)09:30sun14(nov 14)17:00Kurs i hjarte- og holmabringklutSy din eigen bringklut09:30 - 17:00 (14)(GMT+00:00)

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett.

Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Museet og husflidlaget sett opp fleire helgekurs i holmabringklut og hjartebringklut hausten 2021, med Agnete Sivertsen som kurslærar.  Dette kurset vert laurdag 13. og sundag 14. november. Kurset vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.

Påmelding til /474 79 884 innan 20. oktober 2021

For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, agnete.sivertsen@hvm.museum.no /95934698

Pris: Kr 3000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

>>> Sjå samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021

Tid

13 (Laurdag) 09:30 - 14 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)