– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs i å lage vestlandsårer

tors02mai(mai 2)09:30lau04(mai 4)15:00Kurs i å lage vestlandsårer09:30 - 15:00 (4)(GMT+00:00)

Om arr.

Har du lyst å lære å lage dine eigne vestlandsårer?

På Hardanger fartøyvernsenter kan du i byrjinga av mai vera med på kurs i åremaking. I lag med båtbyggjar Peter Helland-Hansen og lærling Arne Eriksen får du kyndig vegleiing i framgangsmåten frå emneval til ferdige årar.

Gjennom kurset kjem du til å lære meir om:
• Åra sine namn, grunnmål og eigenskapar.
• Materialvelging og oppmerking.
• Verktøy og sliping.
• Tradisjonelle arbeidsmåtar.
• Roteknikk og testing av dine eigne årar på fjorden.
• Årelapping og smøring.

På kveldane vert det sosialt samvær og filmframsyning.

Deltakaravgift kr 5700,- inklusiv måltider og materiale.
Betalast til konto 35300503096 og merkast Åremakarkurs 2019

Påmelding sender du til: peter.helland.hansen@hvm.museum.no
Frist for påmelding og innbetaling: 10 April

Har du nokon allergiar gjer du beskjed pr e-post og me avtalar med kjøkkenet. Detaljert program vert sendt ut til påmeldte deltakarar.

Lurer du på noko, ta kontakt med Peter Helland-Hansen, tlf 48062449

Overnatting: Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast fartøyvernsenteret er: www.hardangerferiesenter.no, www.oddlandcamping.no og www.sandvenhotel.no

Av utstyr treng du arbeidskle, kvass kniv, tømmermannsblyant og hørselvern. Me held øvrig verktøy. Om du ynskjer kan du ta med verktøykassa med pusshøvel, støthøvel, sag, spokeshave, og skylp. Det krevst ingen spesielle føresetnader men litt erfaring med trearbeid kjem godt med.

Velkommen til lærerike dagar i Norheimsund!

Tid

2 (Torsdag) 09:30 - 4 (Laurdag) 15:00(GMT+00:00)