– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept. 2022

fre23sep(sep 23)09:30sun25(sep 25)15:00Kurs hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!09:30 - 15:00 (25)

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til to helgekurs i hardangersaum hausten 2022 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det første vert fredag 16. – sundag 18. september, og det andre fredag 23. – sundag 25. september 2022. Begge kursa inkluderer både omvising, individuell rettleiing og besøk på tekstilmagasinet, samt lunsj og kaffimat i tre dagar. Dei fleste vel å gå på eit av kursa, men det er sjølvsagt mogleg å gå på begge om ein ynskjer det.

Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurs får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på kvitsaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller løpar. Kursa passar både for dei heilt ferske og dei meir erfrane.

Tidspunkt
16. – 18. september. Påmelding innan 2. september 2022.
23. – 25. september. Påmelding innan 9. september 2022.
Fredag kl 09.30 – 17, laurdag kl 09 – 17 og sundag kl 09 – 15.

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar
4000,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4500,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Overnatting
Overnatting kan ein t.d. tinga på Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting. utnehotel.no

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98,

Tid

23 (Fredag) 09:30 - 25 (Sundag) 15:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

X