sept. 2021

fre24sep(sep 24)09:30sun26(sep 26)14:00Kurs hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!09:30 - 14:00 (26)

Om arr.

Hardanger folkemuseum inviterer til helgekurs i hardangersaum 24. – 26. september 2021. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Lat vår kurslærar ta deg med til hardangersaumens arnestad, og syna deg saumens løyndomar.

Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Tidspunkt
24. – 26. september 2021. Påmelding innan 1. september 2021.

Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 7.650,-
Enkeltromstillegg 1.440,-
inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar 3.800,-

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98,

program hardangersaumkurs 2021

Tid

24 (Fredag) 09:30 - 26 (Sundag) 14:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

25. august-18. desember:
Tys-fredag kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

August 25-December 18:
Tues-Sunday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X