Kunstbar: Egg
tors11mar19:0021:30Kunstbar: EggUformell møteplass
Om arr.
Det nærmar seg påske og me vil i denne Kunstbaren ha fokus på egget, som er eit av dei sterke symbola knytt til denne høgtida. Det vert eggedekorasjonsverkstad og me skal
Om arr.
Det nærmar seg påske og me vil i denne Kunstbaren ha fokus på egget, som er eit av dei sterke symbola knytt til denne høgtida.
Det vert eggedekorasjonsverkstad og me skal sjå nærare på korleis egget har vore nytta som motiv i kunsthistoria.
- Eggedekorasjonsverkstad med Aukse Drungiliene. Aukse kjem frå Litauen kor eggedekorasjon har sterke tradisjonar. Ho syner oss teknikkar ein kan nytta for å dekorere påskeegga. Ta med 2-3 kokte egg du ynskjer å dekorera.
- Egget har vore nytta som motiv i kunsten på mange ulike og overraskande måtar. Me skal sjå nokre eksemplar på dette frå Hieronymus Bosch (1450-1516) til Salvador Dali (1904-1989), i det klassiske stillebenet og samtidskunsten.
Kunstbar er ein uformell møteplass for deg og meg i Kabuso, kor me tek opp ulike tema knytt til kunst. Ofte inkluderer me og kreative aktivitetar.
Inngang 150,- (inkluderer eit glas valfri drikke)
Arrangementet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis