– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kulturminnedagen

sun11sep12:00KulturminnedagenMylder på museet12:00(GMT+00:00)

Om arr.

Kulturminnedagen: Hopplahei, det skjer på Hardanger folkemuseum 11. september kl 12!

Velkomen inn til årets Kulturminnedag 2022. Det blir eit mylder av aktivitetar for både stor og små denne dagen!
Det vert pizza i eldhuset, rebusløypa gjennom tunet, du kan vera med på handtverksaktiviteter, restaurering av vindauge, og læra meir om den tradisjonelle dekorteknikken «kroting». Det blir sal av rykande ferske eplesmultringar, dropskoking, eplepressing. Og me får besøk av to hestar.
Nede på museet er det open kafé, og du kan sjå våre faste utstillingar og folkedrakt, bunad og folkemusikk. I Storsalen heng utstillinga «Opplut og belte.»
Det blir ei framsyning av barneførestillinga «Har du sett nokon gamal kjerring?» med Astrid Sudmann og Kari Finne Sognnæs.
Dagen blir arrangert i samarbeid med Folgefonn Husflidslag, Grimo bygdekvinnelag og Hardingfela.no.
Velkomen inn til ein spennande dag på museet!

Billett til kulturminnedagen, inkludert framsyninga: Vaksne 150,- Born 50,- Familie: 350,-

Billettar

Billettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!