– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2019

sun03mar18:30Susanne Lundeng trio18:30

konsert

Om arr.

Sundag 3. mars kl 18.30 held Susanne Lundeng Trio konsert på Hardanger folkemuseum.

Susanne er felespelar, folkemusikar og komponist, og reknast som ein av dei viktigaste tradisjonsberarane frå Nord-Noreg. Med si frisinna og ukonvensjonelle blanding av tradisjonell folkemusikk og moderne samtidsuttrykk, skapar ho med fela sin, ein heilt eigen, personleg og karakteristisk sound. Susanne Lundeng trio består av Susanne Lundeng – fele og vokal, Nils-Olav Johansen – gitar og vokal, Erik Nylander – trommer.

Musikken er prega av den nordnorske naturen og kulturen ho har vakse opp med, men og av ein kunstnarisk vilje og særeiga skaparkraft.

Billettar: 300,- Med sesongkort får du billettar til redusert pris: 270,-

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Tid

(Sundag) 18:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

X