– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsert Sogesong

fre08feb19:30Konsert SogesongAnne Hytta og Øyonn Groven Myrhen19:30(GMT+00:00)

Om arr.

Fredag 8. februar kjem årets folkemusikar Anne Hytta og kvedaren Øyonn Groven Myhren til Utne. Saman utgjer dei duoen Sogesong.

-For nokre år sidan byrja me å nærma oss det rike repertoaret av telemarksballadar saman. Dei forunderlege melodiane og eventyrlege forteljingane ville oss noko. Me har vekt dei fram dvala på daudt papir, og sunge og spelt på desse godt gøymde eventyrvisene frå middelalderen til dei smått om senn har fått eit liv som me tykkjer kler dei, fortel Øyonn og Anne i duoen Sogesong.

Øyonn Groven Myhren si unike kvedarsemme og rekonstruksjon av strengeinstrument frå middelalderen er utgangspunktet for Sogesong. Med Øyonn og Anne sitt djupt personlege uttrykk fundert i Telemark sine gamle folkemusikktradisjonar let Sogesong ulikt det aller meste. Sogesong er eit møte mellom det urgamle og noko genuint nytt, forma ut og framført av to folkemusikarar av i dag. Kanskje er det allikevel klangen av noko som kunne ha vore sunge og spelt for lenge, lenge sidan.

Billettar: 250,- Med sesongkort får du billettar til redusert pris: 225,-

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

NB! Laurdag 9.2.19 held Øyonn Groven Myhren balladekurs på Hardanger folkemuseum. Les om kurset her, og meld deg på!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd