– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept. 2020

lau12sep16:00lau18:30Konsert Mari Skeie Ljones og Camilla GranlienKonsert i høve diktardagen16:00 - 18:30

Om arr.

I samband med diktardagen vert det konsert med Mari Skeie Ljones (hardingfele) og Camilla Granlien (vokal).

Mari Skeie Ljones er frå Jørstadmoen på Lillehammer, og spelar fele og hardingfele med basis i slåttemusikken frå Gudbrandsdalen og Hardanger. I 2010 tok Mari eksamen i utøvende master på Norges Musikkhøgskole og har sidan det vore frilans musikar med base i Oslo.

Camilla Granlien er folkesongar og artist, busett på Lillehammer. Ho er utdanna master i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark og har fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. Frå 1997 har ho jobba ved folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule og har hatt songelevar ved Norges musikkhøgskole. I dag er ho frilansmusikar og er aktiv både som soloartist og i samarbeid med ulike musikarar og kunstnarar både som songar, låtskrivar og forteljar. I 2008 fekk ho Kongepokalen for sitt arbeid med folkesong.

Arrangementet startar klokka 16 med nedlegging av diktertavla i tunet, deretter ei innleiing om årets diktar, Hilde Myklebust av Stein A. Hevrøy, før det vert konsert.

Billettar kr. 250/225.-

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, med støtte frå Norsk kulturråd.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Tid

(Laurdag) 16:00 - 18:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Billettar

>>>Kjøp

Hending på Facebook

>>> Sjekk ut
X