Jørn Øyrehagen Sunde
tys30sep19:0021:00Jørn Øyrehagen SundeBoklansering
Om arr.
Forsvarstale for eit vondt menneske Velkomen til boklansering på Hardanger folkemuseum tysdag 30. september kl 19.00. Jørn Øyrehagen Sunde fortel frå den nye boka si, «Forsvarstale for eit vondt
Om arr.
Forsvarstale for eit vondt menneske
Velkomen til boklansering på Hardanger folkemuseum tysdag 30. september kl 19.00. Jørn Øyrehagen Sunde fortel frå den nye boka si, «Forsvarstale for eit vondt menneske». Han får fylgje av eit musikalsk innslag, ope kafé, og noko godt i glaset.
Ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet
Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving. Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar? I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?
Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga.
Jørn Øyrehagen Sunde
– er professor i rettshistorie. Han har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, i 2012 fekk han Meltzer-prisen for framifrå formidling, og i 2023 Sarton-medaljen for framifrå rettshistorisk forsking. I 2025 ga han ut den kritikerroste boka Kongen, lova og landet.
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis