Anderz Eide les Jon Fosse
lau27jan18:00Anderz Eide les Jon FosseLydbok live
Om arr.
Skodespelar Anderz Eide les Jon Fosse i ein lydbok live, laurdag 27. jan kl 18. Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå
Om arr.
Skodespelar Anderz Eide les Jon Fosse i ein lydbok live, laurdag 27. jan kl 18.
Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm til perm.
Kom inn frå vintermørkret og bli med inn i Fosse sitt særeigne univers.
Varigheit 2,5 time. Pause
Morgon og kveld er ein uvanleg vakker roman og sjølve grunnvilkåra her i livet. Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gamal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. På sitt særeigne vis skildrar Jon Fosse ytterpunkta i eit menneskeliv.
Morgon og kveld er en enkel historie om tilværelsens viktigst spørsmål: selve meningen med livet. Fosse formidler disse grublerier med en inderlig stillferdighet som griper fatt i leseren. Det er neste umulig ikke å bli forført inn i fiskeren Johannes´ verden. (Tone Solberg, Dagens Nærlingsliv)
Anderz Eide vann nylig Storytel Awards for innlesinga si av Septologien.
Bill på TicketCo (link under): 300,- /240,- (KabusoVen)
Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis