– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hjartebank - samtale mellom Kjersti Mjør og Oddny Miljeteig

fre28feb17:30fre18:30Hjartebank - samtale mellom Kjersti Mjør og Oddny MiljeteigBoksamtale (etterfulgt av årsmøte i Ullensvang Mållag)17:30 - 18:30(GMT+00:00)

Om arr.

Hausten 2019 kom boka Hjartebank – historia om Oddny Miljeteig.
 
Fredag 28.2.20 inviterar Ullensvang mållag til samtale mellom forfattaren Kjersti Mjør og det portretterte Miljeteig.
 
Boka er eit ærleg portrett av politikaren og motstraumsmennesket Oddny Miljeteig, som alltid har vore ei sterk og tydeleg røyst for sosial rettvise, respektert av både tilhengjarar og meningsmotstandarar.
 
Velkomen til boksamtale, etterfulgt av årsmøte i Ullensvang mållag! Kaféen opnar klokka 17, boksamtalen byrjar 17:30.
 
Oddny melde seg inn i SV (då SF) som 14-åring, og vart politisk aktiv når ho gjekk på vidaregåande i Odda tidleg på 70-talet, på grunn av målsaka. Heile sitt liv har politikaren Miljeteig vore aktiv i målrørsla, kvinnerørsla og fagrørsla.
 
Til stor begeistring vart ho på SV sitt landsmøte i 2015 vald til ny nestleiar. «Eg er ikkje redd for motgang», sa den kampklare partiveteranen. Som 60-åring skulle ho skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa Miljeteig – som heile livet har kjempa for andre – sitt livs kanskje tøffaste kamp. Det tok ho tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen. I 2017 gjekk ho av som nestleiar, og hausten 2019 gav ho beskjed om at ho ikkje tar gjenvalg i bystyret.
 
I denne boka fortel Miljeteig og om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for å få veta kven dei biologiske foreldra hennar er. Ho fortel også for fyrste gong offentleg om då ho var med og skjulte flyktningar i Bergen.
Etter boksamtalen vert det halde årsmøte i Ullensvang mållag.
Velkomne!

Tid

(Fredag) 17:30 - 18:30(GMT+00:00)