Helgekurs: Montering skjorte og forkle
Om arr.
Sy skjorte og forkle til bunaden Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærer
Om arr.
Sy skjorte og forkle til bunaden
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærer du å montera skjorte og forkle. For å få utbytte av kurset må du ha med deg ferdig skjortesaum og/eller forklebord. Dette er ikkje eit kurs der me syr broderiet til skjorte og forkle, men der me syr sjølve skjorta og/eller forkle. Du kan sy herreskjorte, dameskjorte og/eller forkle, alt etter kva du har lyst til og rekk. Kurset går over to helger, slik at du kan sy ein del heime i veka mellom dei to kurshelgene. Viss du berre har høve å vera med den eine helga, passar det bra å berre montera forkle. Ta med eigen symaskin.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp eitt monteringskurs i 2025, med Marit Bleie Mannsåker og Agnete Sivertsen som kurslærarar.
Kurset går over to helgar, laurdag 29. og sundag 30. mars, og laurdag 5. og sundag 6. april på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag.
Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 10. mars 2025
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
5400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
5900,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
NB! Kurset går over to helger. Om ein berre kan vera med ei helg er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.
Overnatting
Museet har rabattavtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får rabatt på overnatting i hotellet sitt kunst-anneks. For å tinga overnatting, ta direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
Mars 29 (Laurdag) 09:30 - April 6 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum