– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

feb. 2023

fre17feb(feb 17)09:30sun19(feb 19)17:00Helgekurs: knipling med gulltrådtil bringklut og bunad09:30 - 17:00 (19)

Knipling i gulltråd, under produksjon på kniplepute.

Om arr.

 

Lær å laga dei vakraste kniplingar med gulltråd

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å laga kniplingar av gulltråd.

Kniplingar i gull og sylv er mykje nytta på gamle bringklutar i Hardanger, og lagar ein fin overgang mellom hovudmotivet på bringkluten og bandkanten øvst. Dei kan og nyttast på barnehuver og andre små delar til bunaden. Nokre stader, td. Os og Fusa nyttar ein gull- og sylvkniplingar på bunadslivet. På Voss kan gifte kvinner ha sylvknipling på stakken.

Kniplingar er ikkje så vanskelege å få til, særleg ikkje under kyndig rettleiing frå kurslærar Åse Bratland. Ho har med alt utstyr og materiell som ein treng.
 

Tidspunkt og påmelding

Kurset går fredag 17. – sundag 19. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 15. januar 2023 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
 

Prisar

4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å laga.
 

Overnatting

Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no

Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Tid

17 (Fredag) 09:30 - 19 (Sundag) 17:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Billettsal

post@hvm.museum.no

X