– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept. 2023

fre29sepsun01oktHelgekurs: bringkluthjarte-, holma- og andre bringklutar på raudt klede(sept. 29) 09:30 - (okt. 1) 17:00

Hjertebringklut kanta med grøn silke og gullknipling

Om arr.

 

Sy din eigen bringklut

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy Holmabringklut eller hjartebringklut. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett eller med stor åttebladrose. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.

Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.

Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.

Tidspunkt og påmelding

Museet og husflidslaget sett opp to bringklut-helgekurs i 2023, med Agnete Sivertsen som kurslærar.

Det eine kurset vert om våren, fredag 24. til sundag 26. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. februar 2023

Det andre kurset vert om hausten, fredag 29. september til sundag 1. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. september 2023

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

NB! Kurset er utvida til tre dagar, fredag til sundag, slik at ein skal koma lengst mogleg med bringkluten. Om ein berre kan vera med to dagar er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.

Overnatting

Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no

Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

Sept. 29 (Fredag) 09:30 - Okt. 1 (Sundag) 17:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

X