Hårband til bunad
tys14feb18:0021:00Hårband til bunad
Om arr.
Vil du laga di eiga raud- og svartbora til håret? Hårpynten har vore ein del av drakttradisjonen for ugifte jenter på Voss. Du treng ikkje noko førhandskunnskap for å vere
Om arr.
Vil du laga di eiga raud- og svartbora til håret?
Hårpynten har vore ein del av drakttradisjonen for ugifte jenter på Voss. Du treng ikkje noko førhandskunnskap for å vere med på kurset og alt materiell er inkludert i prisen.
Kurset høver for jenter frå konfirmasjonsalderen og oppover som ønskjer å ha band i håret til bunaden.
Påmelding til voss.folkemuseum@hvm.museum.no innan fredag 10. februar 2023.
Pris kr 700.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis