aug. 2020

sun30aug15:30sun16:30Føredrag om Munthe av Jan KokkinEventyrlig design15:30 - 16:30

Om arr.

Velkomne til føredrag om Gerhard Munthe – av kunsthistorikar og kurator Jan Kokkin.
 
Fram til 6.9.20 står den flotte vandreutstillinga Gerhard Munthe – Eventylige interiører hjå oss på Hardanger folkemuseum.
Sundag 30.8.20 klokka 16 kjem kunsthistorikar Jan Kokkin, som saman med Widar Halén har kuratert utstillinga, til museet for å halda føredrag om denne spennande kunstnaren.
 
Gerhard Munthe (1849-1929) gjorde sin største og viktigaste innsats som designar, og vert i dag rekna som ein sentral art nouveau-kunstnar og ein forløpar for modernismen.
 
Kunsthistorikar Jan Kokkin tar i føredraget «Gerhard Munthe – eventyrlig design» for seg kunstnarens tyding for utviklinga av ein nasjonal design basert på gamal norsk folkekunst. Munthe laga førelegg til billedvev, tapet, porselen, sylv og møblar. Ein sentral del av arbeida hans var dei kring 20 rominteriøra med veggmåleri, brystningar, glasmåleri og møblar han laga mellom 1898 og 1917. Dei største og viktigaste er Eventyrværelset på Holmenkollen Turisthotell og Håkonshallen i Bergen, som begge diverre gjekk tapt i brann.
 
Jan Kokkin er mag.art. i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo. Han er frilans kurator og forfattar. Kunstkritikar i Dagens Næringsliv 1992-2001 og Morgenbladet 2002-04. Dagleg leiar i Kunst på Arbeidsplassen 1991-2009. Han har gitt ut Gunnar S. Gundersen. En banebrytende etterkrigsmodernist (2020), Gerhard Munthe. En norsk designpioner (2018), Mathias Skeibrok – mytologi og realisme (2012), Gerhard Munthe – en radikal stilskaper (2011), Eilif Peterssen. Mellom stemninger og impresjoner (2009). Medforfatter av Inger Sitter. Grafikk. Oeuvrekatalog (2016), Rodin og Norge (1998) og Eros i Gustav Vigelands kunst (1996). Kokkin har og vore kurator og medkurator for fleire utstillingar av norsk og internasjonal kunst.
 
Billettar: 150,- (inkluderar utstilling og føredrag)

Tid

(Sundag) 15:30 - 16:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

25. august-18. desember:
Tys-fredag kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

August 25-December 18:
Tues-Sunday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X