– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

jan. 2020

sun12jan16:00Føredrag med Jan KokkinGerhard Munthe16:00

Om arr.

I samband med opninga av utstillinga Gerhard Munthe: Eventyrlige interiører, kjem ein av kuratorane av utstillinga, Jan Kokkin til Hardanger folkemuseum for å halde føredrag om denne spanande kunstnaren.

Munthe sin abstrakte, og radikale stil vart dels tufta på norsk folkekunst, og det er kanskje i sine rominteriører han har gjort sitt største arbeid. I utstillinga får de sjå fire ulike interiører, presentert i form av originalar, foto og reproduksjonar – og Kokkin tek oss med inn i Munthe sitt bidrag til kunsten og særleg den dekorative kunsten.

Dette vil du få med deg!

Kokkin har saman med Widar Halén kuratert den vakre utstillinga, og i 2018 gav han ut boka Gerhard Munthe: En norsk designpionér. Han er tidlegare leiar for Kunst på arbeidsplassen, og kunstkritikar i Dagens Næringsliv og Morgenbladet. Han har gjeve ut fleire biografiar og bøkar om norske 1800-tals kunstnare.

Billettar til utstilling og føredrag: 100,-

Tid

(Sundag) 16:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

X