Henderson, Fliflet & Burgess
fre12sep19:30Henderson, Fliflet & BurgessKonsert
Om arr.
Konsert med Henderson, Fliflet & Burgess Forrykande konsert med Garbriel Fliflet, Henderson og Burgess på Hardanger folkemuseum, fredag 12.september 2025 kl.19.30. Henderson, Fliflet & Burgess spelar raske rilar, så harpiksen
Om arr.
Konsert med Henderson, Fliflet & Burgess
Forrykande konsert med Garbriel Fliflet, Henderson og Burgess på Hardanger folkemuseum, fredag 12.september 2025 kl.19.30. Henderson, Fliflet & Burgess spelar raske rilar, så harpiksen fyk og golvet gyngar. Dei syng om kvalfangst, venskap og vågemot, på engelsk og -norsk. Det er mykje salt og sjø i lufta og Nordsjøen kjennes aldri langt borte. Her trives både vemod og gapskratt medan karane føl kvarandre tett. Det flyt, det duvar, det svingar – lett og tett, rått og godt.
Kevin Henderson er ein av Storbritannia sine beste felespelarar. Han er frå Shetland, den forblåste øygruppa nord for Skottland, kor musikklivet boblar, og den tradisjonelle felemusikken står sterkt. Kevin har spelt frå han var liten gut, og turnerer verda rundt, bl.a. som medlem av Fiddlers´ Bid, Nordic Fiddler´s Bloc og den legendariske irsk-skotske gruppa Boys of The Lough.
Gabriel Fliflet er ein nysgjerrig musikar som mange kjenner frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, kvartetten Gabriels Novgorod eller eitt av mange tingingsverk, som Åresong (med dikt av Jon Fosse) og Rose (Robert Burns på norsk). Gabriel har trekkspel som hovedinstrument, syng, og spelar piano, og har samarbeida med mange av Noregs fremste folkemusikarar.
Richard Burgess er engelskmannen som kom til Noreg i 1976 med ein ryggsekk og ein gitar – og som er her enno. I mellomtida har Burgess markert seg som ein særprega visesongar og folkemusikar, med ei malmfull røyst som han akkompagnerer med gitar og concertina. Han opptrer både solo og i grupper som Doggerland, Fat Dog og Foghorn. Han er og skribent, lærebokforfattar og kåsør.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis