Ferjefolket
ons06nov19:30FerjefolketHalvor Folgerø19:30(GMT+00:00)

Om arr.
Halvor Folgerø fortel om Ferjefolket Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela,
Om arr.
Halvor Folgerø fortel om Ferjefolket
Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.
I foredraget på Hardanger folkemuseum onsdag 6. november får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.
Kafeen er ope, og etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.
Hjarteleg velkomne alle!
Tid
(Onsdag) 19:30(GMT+00:00)
Billettar
BilettsalHending på Facebook
Sjekk ut!Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum