Familieverkstad
sun07apr13:0015:00FamilieverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Denne gongen skal me teikna stygge portrett saman med illustratør Iris Lam frå Nederland. Ho skal læra oss
Om arr.
Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Denne gongen skal me teikna stygge portrett saman med illustratør Iris Lam frå Nederland. Ho skal læra oss nokre teknikkar som kan utfordre oss til å teikna styggare enn me eigentleg har lyst til.
Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2024. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis