Espen Eriksen Trio
fre08apr20:00Espen Eriksen TrioMELANKOLSK OG OPPLØFTANDE
Om arr.
KABUSO er takka vere gode lokale krefter innehavar av eitt av dei flottaste Steinway-flygela i landet. Saman med ein konsertsal med nydeleg akustikk legg dette tilhøva til rette for konsertopplevingar
Om arr.
KABUSO er takka vere gode lokale krefter innehavar av eitt av dei flottaste Steinway-flygela i landet. Saman med ein konsertsal med nydeleg akustikk legg dette tilhøva til rette for konsertopplevingar av dei sjeldne.
Leiv Ove Andsnes sa dette etter sin konsert i Kabuso i 2016: «Det var veldig moro. Eg fekk ein kjensle av noko internasjonalt, til dømes det eg opplever i land som Japan. Eg likte denne salen veldig, veldig godt.»
Tenk det. Her. I Øystese.
ESPEN ERIKSEN TRIO
Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste.
Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fem strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konserter verda rundt. For å sitere BBC si melding av trioen si andre plate: ”A wonderfully plaintive jazz record, abandoned to the lost art of melodic minimalism, stripped back and beautifully near bare. No smoke and mirrors, just the graceful chemistry of superb musicians at the top of their game”. Dei siste åra har Espen Eriksen Trio også samarbeidd mykje med den britiske jazzstjerna Andy Sheppard, som også er med på 2018-utgivelsen ”Perfectly Unhappy”. Dei fylgjande turneane var store suksessar med fulle hus Europa rundt og konsertsendingar blant anna på BBC Radio. I haust spissa trioen forma på prestisjeklubbar som Ronnie Scott’s (London), Montmartre (København) og Fasching (Stockholm) og er veldig klare for å spille i KABUSO!
Me ynskjer velkomen til ein konsert med fengslande og lyriske songar – ofte melankolske og oppløftande på same tid. Eller som Dagsavisen skreiv om 2020-utgivelsen «End Of Summer»: – Den mest melodiske jazzen vi kommer til å få høre i år.
Espen Eriksen : piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset : kontrabass
Andreas Bye : trommer
Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis