– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Avlyst! Diktardagen

sun09jun13:00sun15:00Avlyst! Diktardagenmed Per Olav Kaldestad13:00 - 15:00(GMT+00:00)

Per Olav Kaldestad les i ei bok

Om arr.

Programmet vert diverre avlyst grunna sjukdom!

Per Olav Kaldestad får Diktartavla 2024

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar Per Olav Kaldestad på diktardagen. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum sundag 9. juni kl. 13.00.  

Haugesenteret i Ulvik og Hardanger folkemuseum på Utne deler kvart år ut Diktartavla til ein markant norskspråkleg lyrikar. I år heidrar me den allsidige poeten Per Olav Kaldestad med ein plass på Diktarstien!
Sidan debutsamlinga Kikkert kom i 1973 har Kaldestad gjeve ut poesi, sakprosa, gjendiktingar, skodespel og ein stor del barne- og ungdomsbøker. Det har blitt over 40 bøker, og nær halvparten av dei er diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hans, Sonettar, kom i 2023. Med sine språklege sprang gjennom heile 50 år, og med kjærleik for nettopp diktet og diktinga, er årets vinnar ei markant stemme i den norske poesifloraen.
Diktartavla vart initiert av Olav H. Hauge og vart delt ut fyrste gong i 1992. Diktarstien på Utne er ein vakker hellegang med til no 33 diktartavler. Desse prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Kaldestad går inn i ei lang rekkje av markante prisvinnarar, mellom anna Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.

Programmet

Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil Kaldestad ta imot si eiga inngraverte steintavle. Denne vert lagt ned langs Diktarstien som nummer 33 i rekkja. Han vil framføra utvalde verselinjer, og samtala om diktinga si saman med Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.
Museet er ope frå kl. 11.00 – 17.00
Kafeen er open frå kl. 12.00 – 16.30
Arrangementet startar kl. 13.00 i museumstunet.
Bli med på å feira poesien under Diktardagen på Utne!

Diktardagen

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein heidrar ein norsk forfattar ved å leggja ned ei diktartavle for vedkomande på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første diktartavla kom i 1992. Diktardagen blei offisielt etablert på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv ein av initiativtakarane til Diktarstien. 

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerkt seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk. 

 

Tid

(Sundag) 13:00 - 15:00(GMT+00:00)

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!