– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Diktardagen 2021 med konsert

lau12jun15:00lau17:30Diktardagen 2021 med konsertPaal-Helge Haugen15:00 - 17:30(GMT+00:00)

Om arr.

Også i år skal ein norsk diktar heidrast med ei dikttavle som vert lagt ned i den vakre diktarstien som slyng seg mellom husa i museumstunet på Utne. Hardanger Folkemuseum og Olav H. Haugesenteret arrangerar denne dagen kvart år. Diktartavla inneheld eit dikt eller ein strofe som diktaren sjølv vel ut. Strofen vert so utforma og hogd ut av kunstnar Cecilie Broch Knudsen. Diktarstien vart etablert på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993, og formar no ein lyrisk hellegang med 27 dikttavler.

Diktaren som vert heidra i år er Paal-Helge Haugen.
Gjennom eit langt forfattarskap har Haugen markert seg som ein av dei fremste lyrikarane våre med ein svært rik tekstproduksjon, både i mengd og i breidd. Frå debuten i 1965 har diktinga hans vore i kontinuerleg dialog med tekstar frå andre kulturar og andre tider. Haugen har publisert gjendiktingar, skrive tekstar til musikk og til dramatisk framføring, laga dikt til biletkunst og skrive dikt knytt til bibeltekstar.

Under markeringa skal prisvinnaren avduka diktartavla og samtala om diktinga si med forfattar og kritikar Tom Egil Hverven. Etter avduking vert det konsert med folkemusikar Kirsten Bråten Berg, som har med seg Daniel Sandén-Warg på hardingfele. Bråten Berg er ein av vår tids fremste kvedarar og me er svært stolte over å kunna presentera duoen her på Utne.

Billettar må tingast på førehand for kroner 250,-

Billetten inkluderar heile arrangementet.

Tid

(Laurdag) 15:00 - 17:30(GMT+00:00)