Diktardagen 2019 med Spellemenn-konsert
lau08jun13:0016:00Diktardagen 2019 med Spellemenn-konsert- lat orda verte hogga i stein.
Om arr.
Ein norsk diktar skal heidrast med ei dikttavle, som leggjast ned i den vakre diktarstien som slynger seg mellom husa i museumstunet. Hardanger folkemuseum arrangerar kvart år denne dagen i
Om arr.
Ein norsk diktar skal heidrast med ei dikttavle, som leggjast ned i den vakre diktarstien som slynger seg mellom husa i museumstunet. Hardanger folkemuseum arrangerar kvart år denne dagen i lag med Olav H. Haugesenteret. Diktartavlen inneheld eit dikt, ein strofe eller eit sitat vald av diktaren sjølve, og utformast og hoggast av kunstnar Cecilie Broch Knudsen. Diktarstien vart etablert på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993, og formar no ei lyrsik hellegang med 27 dikttavlar.
Årets diktar er lyrikar Tone Hødnebø. Les meir om Hodnebø nest i saka:
Les meir om Diktarstien her.
Før programmet og nedlegging av steinen, vert det konsert med Spellemenn – en trio beståande av Nils Økland, Benedicte Maurseth & Håkon Stene i Storsalen. Konserten er et samarbeid med Hardanger musikkfest.
Kl. 13:00: Konsert med Spellemenn – Nils Økland, Benedicte Maurseth & Håkon Sten i Storsalen.
Kl. 14:30: Avduking av Diktertavla 2019 i museumstunet.
Kl. 15:00: Innleiing om Tone Hødnebø ved Sindre Ekrheim, og prisvinnaren les utvalde dikt.
Billettar: 250,-. Billetten gjeld for heile programmet.
Vel møtt til ein flott dag!
Tone Hødnebø
Tone Hødnebø debuterte i 1989 med diktsamlinga Larm, og har utvikla ei fortetta, billedrik og musikalsk poesi gjennom hittil seks diktsamlingar. Ho skriv kjenselvare og formsterke dikt som utforskar poesiens tankekraft – ho skriv seg inn i det som allereie finst, for så å dreie mot nye måtar å forstå verda på. Ho skriv med referansar til klassisk dikting, myter, song og eventyr. Med spåkleg presisjon kombinerar ho magi og vitenskap og utforskar historiske samanhengar og menneskelege erfaringar. Ho har og gjendikta Emily Dickinson og den kanadiske poesten Anne Carsons.
Tone Hødnebø har motteke ei rekke prisar for forfattarskapen sin. I 2003 fekk ho Sultprisen, og i 2005 Doblougprisen. Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergen i 2007. i 2018 fekk ho både Gyldendalprisen og Triztan Vidtorns poesipris.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis