Dialogutstilling #2: Annette Kierulf
sun27jun(jun 27)12:00sun08aug(aug 8)17:00Dialogutstilling #2: Annette KierulfKunstutstilling
Om arr.
Dialogutstillinga er eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom Hardanger folkemuseum og kurator Lars Korff Lofthus, der me inviterar samtidskunstnarar til å gå i dialog med den store kunstsamlinga etter Jon Bleie. Kunstnarane
Om arr.
Dialogutstillinga er eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom Hardanger folkemuseum og kurator Lars Korff Lofthus, der me inviterar samtidskunstnarar til å gå i dialog med den store kunstsamlinga etter Jon Bleie. Kunstnarane vil både syna sine eigne arbeider, og påverka kva verk frå Bleiesamlinga som stillast ut. Nilsastova vert nytta til prosjektet, som er ein spanande måte å vitalisere dei eldre verka på, og trekke liner mellom ulike tider og uttrykk.
Prosjektet starta i 2020, med den Norgesbusette svenske kunstnaren Patrik Entian (f.1966).
Kunstnaren som er veld ut for Dialog #2 i 2021 er Annette Kierulf.
Utstillinga er open kvar sundag frå 27.06-08.08.21, mellom klokka 12 og 17.
Kierulf arbeider hovudsakeleg med tresnitt, men og teikning, veggmåleri, objekt og artist books. Ho hentar gjerne sine motiv frå natur og kulturlandskap. Motiva tek ofte utgangspunkt i observasjoner frå nærmiljøet på Vestlandet, og går samastundes i dialog med kunsthistoriske referansar innan landskapstradisjonen. I dialogforma denne utstillinga inviterar til, må Kierulf ikkje berre i dialog med landskap, men med konkrete verk og tolkingar av landskap og andre motiv, og me gler oss til å oppleva dette på Skredhaugen!
Annette Kierulf har hatt ei lang rekke duo-utstillingar med syster og kollega Caroline Kierulf. Dei har utvikla ei samarbeidsform der dei jobbar individuelt innanfor ei felles teoretisk råme knytta til stad, språk, feminisme og økologi. Dei har stilla ut mange plassar, til dømes Kunstnerforbundet, Kunstneres Hus, Bergen Kunsthall og Great North Museum Hancock i Newcastle.
Kierulf har og vore med å starta og drifte ulike prosjekt i det frie kunstfeltet i Bergen, som galleri By th Way (1999-2007) og tidsskriftet Kunsjournalen B-post (2206-2017) Ho har jobba som kurator for mellom anna den 4. utgåva av Momentum – nordisk festival for samtidskunst, Vestlandsutstillingen, KORO og Nasjonale Turistveger.
Annette Kierulf er fødd i Oslo i 1964, utdanna ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk i Bergen, Kunstakademiet i trondheim og Vestlandets Kunstakademi. Ho er professor i kunst med fordjupning i grafikk ved Kunstakademiet, Institutt for samtidskunst ved UiB. Saman med systera Caroline Kierulf skal ho stilla ut på Haugesund Billedgalleri komande haust, og på KODE i 2022. Ho bur og arbeider på Radøy nord for Bergen.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis